摘要:Denne boka handlar, som tittelen seier, om fosenmåla – men her kan ein gjera to presiseringar. For det første omfattar fosenmåla ikkje berre dialektane på Fosenhalvøya. Dialektane på Hitra og Frøya og i Agdenes og Lensvik blir òg rekna til denne gruppa. For det andre er det altså snakk om norske dialektar. Eg nemner dette fordi sørsamisk jo òg tradisjonelt blir snakka i det området som denne boka tar for seg, utan at denne påpeikinga på nokon måte er meint som kritikk.